Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > director de empresa/directora de empresa > Etterlysning: Organisasjonsutviklar Og Dagleg Leiar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vacante de director de empresa/directora de empresa en Vestland (Noruega)

Etterlysning: Organisasjonsutviklar Og Dagleg Leiar

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes › Directores ejecutivos, personal directivo de la administración pública y miembros del poder ejecutivo y de los cuerpos legislativos › Directores generales y gerentes generales › Directores generales y gerentes generales › director de empresa/directora de empresa.

Traducción de la profesión: Managers › Chief executives, senior officials and legislators › Managing directors and chief executives › Managing directors and chief executives.

Descripción de la oferta de trabajo:

Stillingsskildring: Me søkjer ein engasjert og dyktig organisasjonsutviklar og dagleg leiar til vårt idrettslag. Stillinga er eit 12 månaders engasjement med moglegheit for forlenging. Du vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle organisasjonen vår og sikre at medlemmane våre får den beste opplevinga mogleg. Oppgåvene dine vil vere mange og varierte. Saman med tillitsvalde og frivillige skal du styrkje klubbens identitet og organisasjon, og leggje til rette for at lokalmiljøet skal få endå større utbyte av den frivillige innsatsen.

Ansvarsområde:

  • Utvikle og implementere strategiar og rammeverk for auka frivillig engasjement og deltaking i idrettslaget sine aktivitetar.
  • Administrere og koordinere daglege driftsoppgåver, inkludert økonomistyring, administrative oppgåver og arrangement.
  • Samarbeide tett med styret og ulike arbeidsutval for å sikre god kommunikasjon og samarbeid internt.
  • Byggje og oppretthalde sterke relasjonar med lokale myndigheiter, samarbeidspartnarar og sponsorar.
  • Utvikle og gjennomføre tiltak for å fremje inkludering og mangfald i idrettslaget.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning og erfaring innan organisasjonsutvikling, leiing eller liknande felt.
  • Sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å motivere og engasjere frivillige medarbeidarar og medlemmar.
  • God økonomiforståing og erfaring med økonomistyring.
  • Erfaring med prosjektleiing og arrangement er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert til å jobbe for å fremje idrettsglede og meistring blant born og unge.
  • Fleksibel og løysingsorientert med evne til å handtere ulike utfordringar.
  • Utpreget initiativtakar med evne til å tenkje strategisk og innovativt.
  • Gode mellommenneskelege ferdigheiter og evne til å byggje sterke relasjonar.

Me tilbyr:

  • Ei spennande og utfordrande stilling med moglegheit for forlenging.
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø prega av engasjement og lidenskap for idrett.
  • Moglegheita til å vera ein del av eit viktig samfunnsarbeid med fokus på inkludering og meistring.

Dersom du har lyst til å vera med på å vidareutvikle vårt idrettslag og bidra til å skape gode opplevingar for våre medlemmar, oppmodar vi deg til å søkje på stillinga som organisasjonsutviklar og dagleg leiar.

Om arbeidsgiveren:

Me er stolte over å vera det største idrettslaget i vår kommune, og me har ei sterk forankring i lokalsamfunnet. Med 25% av alle born og unge i kommunen som aktive medlemmar, er målet vårt å fremje meistring og idrettsglede for alle. Frivillig arbeid er og skal framleis vere motoren i idrettslaget.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestland.

Ver 240 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: TRIO IDRETTSLAG.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 02 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:9d14ef7a-1f8f-4ad8-84d1-853e1d7e9309.

Ver las 27 ofertas de trabajo de Directores y gerentes › Directores ejecutivos, personal directivo de la administración pública y miembros del poder ejecutivo y de los cuerpos legislativos › Directores generales y gerentes generales › Directores generales y gerentes generales › director de empresa/directora de empresa ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: