Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Abogados > Rådgivar - Jurist

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Rådgivar - Jurist. Møre og Romsdal. Noruega

Vacantes en Møre og Romsdal (Noruega) de Abogados

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Profesionales en derecho › Abogados.

Traducción de la profesión: Professionals › Legal, social and cultural professionals › Legal professionals › Lawyers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Om stillinga

I justis- og beredskapsseksjonen vår har vi ledig eit vikariat i eitt år for ein jurist.

I seksjonen jobbar vi med å avgjere klage på kommunane sine vedtak i byggesaker, plansaker, matrikkel, innsyn, m.m. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar, frå kommunar til departement. Du vil jobbe med eit dyktig og engasjert fagmiljø i ryggen. I seksjonen arbeidar det i dag 6 juristar.

Hovudoppgåvene i stillinga er innafor plan- og bygningsretten, men andre fagområde må også påreknas.

Kva kompetanse er nødvendig?

  • Du må ha master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller ha levert masteroppgåva di/avlagt avsluttande eksamen. Om du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om at autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT følgjer søknaden din.
  • Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller nokre av fagområda våre.

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du har juridisk utdanning og ønsker å jobbe med klagesaksbehandling.
  • Du er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling.
  • Du kommuniserer godt både med offentlege instansar og brukarane våre.
  • Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar.

Kvifor skal du velje oss ?

Vi kan freiste med moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som har stor fagleg bredde. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, samstundes som du får arbeide sjølvstendig med krevjande juridiske saker. Du får i stor grad høve til å planlegge eigen arbeidsdag.

Du møter mange som kan noko anna enn deg og som du kan lære av. Det ligg godt til rette for kompetanseutvikling, ettersom vi har juristar i alle avdelingane. Vi har også velferdsaktivitetar som gjer at vi blir kjende med kvarandre på tvers av kva avdeling vi jobbar i.

Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får eige kontor, fleksitid og du kan trene litt i arbeidstida.

Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret. Vi kan sporadisk jobbe noko heimanfrå om arbeidsoppgåvene ligg til rette for det. Fast avtale om noko heimekontor kan vi inngå etter prøvetida.

Vi har kontorstad i Molde som ligg fint til blant fjell og fjord. Kommunen som har 32.000 innbyggarar, har gode kulturtilbod, idrettslag og foreiningar og elles alt vi treng rundt oss.

Vi tilbyr

  • eit 1 års vikariat.
  • eit utviklande og godt arbeidsmiljø.
  • løn som 1434 rådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Det vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa frå løna di.
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid.

Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Nærare opplysningar

Underdirektør Helge Mogstad, tlf. 71 25 84 44/92 64 22 89, e-post: helge.mogstadstatsforvalteren.no om du har spørsmål knytt til stillinga.

Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr

Slik søkjer du

Du må søkje elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.

Vi meiner inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuelle tilretteleggingar kan vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møbler eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om vi får kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrar­bakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, er det nokre krav som må oppfyllast. Du kan lese meir her. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Eit slikt kryss vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. 

Stillinga har stillingsnr 2403

Om arbeidsgiveren:

Statsforvaltaren er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.

Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.

 

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 82 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 24 de Febrero de 2024, y con identificador de la vacante:34a27922-c35f-4746-b874-0468706a5e30.

Ver las 44 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Profesionales en derecho › Abogados ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: